Koking av Veitlagraut.
Det var 9 elevar i 6.klassetrinn. Me delte dei inn i tre grupper. Dei var med og vog opp rett mengde til grauten. Så bytta dei på å røre. Alle hadde med skåler, slik at dei fekk graut med seg heim.
Grauten blei fint pynta med rosiner. Dei fleste ville ha kanel på toppen. Alle skreiv ned oppskrifta.
Til slutt fekk dei spørsmål om kva namnet Veitlagraut betyr, det visste ingen. Det er festgraut, kjem av ordet veitsle.
Frå Bygdekvinnelaget møtte Marit, Solvor og Ingunn.