Dermed vart det kurs 28. mars hos Gunnbjørg Myhre, og seks bygdekvinner møtte motiverte opp.
Kakene er eigentleg noko kliss å laga! Røra er relativt flytande, og ein skal forma kakene med hendene utan å klappa inn for mykje mjøl eller at deigen set seg fast mellom fingrane. Me gjekk likevel på med liv og lyst, mislukkast av og til, men prøvde på ny, og fekk til slutt med smaksprøver heim og 150 kaker til kaffimat til basaren dagen etter.
Alt vart ete opp på basaren, noko som må vera teikn på at me hadde gjort ein ikkje så verst innsats. Nå må me berre halda ved like og utvikla teknikken endå meir gjennom jamnleg sofiekakesteiking!