Forfatterforeningen
Delvis ny søknad etter at me ikkje tenkte på at skjønnlitterære- og faglitterære forfattarar er medlemmar i ulike organisasjonar. Takk for at de påpeika dette, og gav oss ein ny sjanse.
Lesesirkelen til Sirdal bygdekvinnelag vil gjerne søkja om å låna ein forfattar hausten 2020. Me er som oftast sju (7) damer som møtest siste måndag i månaden på biblioteket på Sinnes. Det synest me er ein grei storleik på gruppa og godt oppmøte, sidan me berre er 22 medlemmer i bygdekvinnelaget.
Av skjønnlitterære forfattarar står Maja Lunde øvst på ynskjelista, sidan me har lese både Bienes historie, Blå og Snøsøsteren, og er ein forfattar me har diskutert fleire gonger. Det gjer det lettare å ha den nødvendige bakgrunnen for å ha nytta av eit møte med forfattaren. Ho tek opp sentrale tema for vår tid, som miljø og døden.
Elles er Tore Renberg og Heidi Linde aktuelle kandidatar, sjølv om me ikkje har lese dei felles endå, eller Trude Teige, Erling Kagge eller Gert Nygårdshaug som me har lese noko av i 2019 og 2020.
Det går på rundgang å føreslå ny bok, og dermed får me lese litt av kvart, som me truleg ikkje hadde valt elles. I vår har me m.a. lese Vi kan ikke ta med oss dette hjem av Frank Tønnesen, Noe tapt og noe vunnet av Tara Westover, Der krepsene synger av Delia Owens og Etter vinteren av Isabel Allende.
Den merkelegaste opplevinga hadde me i juni 2017 då me skulle lesa ei bok av Chris Bohjalian som me trudde heitte Syrias døtre, men underteikna fann same innhaldet i boka Sandslottet i Aleppo. Det måtte me finna ut av, og fekk eit langt forklarande svar og fin helsing frå forlagsredaktør i Pantagruel forlag og forfattaren.
På førehand takk, og så vonar me me blir ein av tjue lesesirklar som får ønsket oppfylt.