• Kulturlandskap. Lam nyttar dei lokale beiteressursane, dei gjer gras og plantar om til verdifull menneskemat og held kulturland- skapet ved like. Mange planter, fuglar og dyr er avhengige av det opne landskapet som sauen produserer.
• Lokal mat er bra for miljøet. Dei aller fleste lam går saman med mor si, søya, nesten heile livet. Søyer og lam beitar fritt ute der dei et gras, urter og småplantar, og lever difor eit godt og naturleg liv. Lammekjøt er både mørt, smakfullt og enkelt å lage. Lam som beitar ved kysten, på fjellet og i innlandet har alle sin særeigne smak.
• Sjølvforsyning. Noreg må i solidaritet med andre land- og for å trygge eiga befolkning, ha ein eigen matproduksjon. For å ha eigen mat- produksjon i framtida, og behalde bonden som kan gje kunnskapen vidare til neste generasjon, må vi kjøpe norsk mat.
• Sau har vore ein viktig del av hushaldet i Noreg sidan vikingtida, og er viktig del av den norske kulturarven. Det er 13 500 gardsbruk som har 906 000 søyer i Noreg. Det vil si at medel flokkstorleik er på 67 søyer. Sauehald er difor i all hovudsak ei små- brukarnæring og ein viktig årsak til at det bur folk rundt omkring i bygde-Noreg.
Bli med!
• Av Noregs landareal er berre tre (3) prosent dyrka mark og heile 95 prosent utmark. Av dette eignar 45 prosent seg som hus- dyrbeite. Her kan beitedyr som sau, geit og storfe ete store delar av året.