Siri Rasmussen Lea tok engasjert imot, og fortalde om oppstarten av ysteriet og jobben med å utvikla produkta. Dei tek utgangspunkt i kortreiste råvarer, som eiga mjølk og tare plukka nedanfor beitet.
Det er ho og døtrene som i utgangspunktet var ystepikene, men nå er fleire ''piker'' med. Ektemannen leverer mjølk og heile familien kan trø til om det trengs.
Handelen gjekk ivrig i butikken etterpå, der ein får kjøpt mange ulike ostar frå Ystepikene, samt olje, honning, poteter, syltetøy og keramikk, alt produsert lokalt på Jæren.
Det var ein triveleg tur i nydeleg ver, som var avslutta med ein matbit på Mor sin på Ålgård