Difor gjekk Sirdal bygdekvinnelag og Sirdal skilag saman om å arrangera den årlege basaren før påske i år. Bygdekvinnene leverer gevinstar, mange bedrifter sponsar med gevinstar og noko kjøper laget inn sjølv, så ingen bør synest det er for få gevinstar. De kan jo vurdera sjølv på bileta under!
Åresalet gjekk strykande, og det same gjorde salet i loddbøkene både før basaren byrja og i matpausen. Det er alltid nokon som stikk av med mange gevinstar, medan andre vert litt skuffa, men det er spenninga ved å gå på basar.
I år vart det Sofiekakekurs dagen før for å fiksa kaffimaten, og Sirdal skilag stilte m.a. på kjøkkenet for å laga lapskaus og servera.
Tusen takk for alle bidrag, om det er arbeidsinnsats, gevinstar eller begge deler!