Her er nokre glimt frå basaren som Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag arrangerte søndag 13.mars.
Dei fleste gevinstane fekk me, kakene vart baka av gode bygdekvinner.
Bygdefolket møtte opp som alltid, kjøpte årer og lodd på bok, og kosa seg med gratis kaffi og kaker.
Det kom inn så mykje pengar at laget kunne senda kr. 10000 til hjelpearbeidet i Ukraina.
Tusen takk til alle som støtta oss!
Tekst: Bjørg Håland