Styremøte med noko attåt.

Eit litt anleis styremøte.

Styremøte 31.03.22.Styremøta i bygdekvinnelaget er ikkje keisame saker!Handsaming av saker er ein ting, førebuing til møtet noko anna. Når ein kan fyra opp i bakaromnen med tørr bjørkeved, setja ein rundstykkedeig med både havragryn og solsikkekjernar i, få assistanse av nestleiar som kjem med brøddeig, då kjem idear til fleire aktivitetar i bygdekvinnelaget strøymande!Nestleiaren viste godt handalag, både med fyring og raking av glør.Sakene vart godt og grundig handsama, nysteikte rundstykke med ost og heimelaga plommesyltetøy gjorde nok sitt til at me jobba så godt!

 

Tekst: Astrid Norendal

Bli medlem