I bygdekvinnelaget set me matkultur høgt. På medlemsmøtet 16.02.22 fekk me
oppleva litt av den nederlandske matkulturen. Maries som er frå sørlege delen av
Nederland, laga og serverte retten Zoervleisj. Møyrt storfekjøt i sursøt saus, pommes
frites, eplemos og majones. Retten vert og brukt som festmat og jolemat, då med
kaninkjøt. Møtelyden smaka, åt og kosa seg, dette var eit vellukka tiltak!
Tekst: Astrid Norendal