Vi var vel heldige med været i kveld, nokre få dråpar før start, og meir då vi kom tilbake til bilane. Då hadde vi gått turen til utsiktspunkt mot Sandvikjo, aldri før har vi hatt så god utsikt den vegen! Skogsmaskinane har jobba i ei veke, jammen går det unna! Utsikta mot Rosendal var også fin i kveld. Alle hadde godsaker i sekken, så vi drøya ikkje så lenge for vi gjekk tilbake til lavvoen, så vi kunne ta fram kaffi og saft, det var både frukt, grønt, søtt og syndig i nisteboksane! Det smakte! God drøs rundt borda, før vi snudde nasen heimover. Takk for turen, og god sommar!