Mellom 50 og 60 personar møtte opp til treffet vårt i kveld. Endelig var det mogeleg å møtast innandørs utan restriksjonar og antalsbegrensingar.
Aslaug Eik, (95 år!), leste opp sjølvskrivne dikt og avslutta med diktet av Olav H. Hauge "Det er den draumen " utan manuskript :-). Aslaug er flink med ord og hadde mellom anna skrive nokre ord om Badet på Ripel og om Stampehuset i Omvikjo, som gav ein fin overgang til neste punkt på programmet.
Steinar Omvik fortalte deretter om badehuset på Ripel som vart brukt av folk i Omvikdalen og bygdene rundt. Det var Ungdomslaget som stod bak drifting av huset. Laurdagen vart det fyrt opp i badehuset, vatnet vart varma opp og det var mogeleg å få både dusj og badstu. Mennene som hadde tilgong til badet etter at damene var ferdige med si økt, måtte ofte ta til takke med kaldt vatn.....På 1950 talet, når dei fleste husa fekk eigne dusjar, vart bruken av Badet vart gradvis avvikla. Steinar fortalte og om "Stampo" som skal restaurerast og flyttast fra Omvikjo til Auno. Det er skipa eit interesselag for å ivareta den siste Vadmålstampa som er attståande i Kvinnherad i sitt slag. Ved sida av stampa står det og eit gammalt kverhus som skal restaurerast samstundes. Eldsjelene bak restaureringa håpar å starte på grunnarbeidet o løpet av våren.
Etter dei kulturelle innslaga, var det servering av kaffi og fastelavensbollar. Vi avslutta med åresal.