Tekstar - tonar - tankar
Ingvar Moe var forfattar, kåsør og moromann. Han var ein opprørsk og satirisk diktar med ei særeiga stemme. Moe skreiv med kjærleik til heimbygda Etne, men kritiserte hykleri og fordommar, og elska staden, dialekten og krafta i folket. Moe blei fødd 11. desember 1936 i Etne, Sunnhordland og døydde i Trondheim 2. september 1993. Han tok lærareksamen ved Stord lærarskule i 1959 og arbeidde som lærar i ungdomsskulen 1960–1980, mellom anna i Nøtterøy og Nodeland. Han gav ut over 20 bøker, skreiv både dikt, noveller, lærebøker for grunnskulen ved sida av kåseri, revytekstar og popsongar. Ingvar Moe debuterte som nyskapande «dialektdiktar» i 1975 med diktsamlinga løktastolpefrø og brukte dialekt i dei første bøkene. Seinare skreiv han eit dialektnært og personleg farga nynorsk normalmål. Det ambivalente forholdet til heimbygda er grunntonen i Ingvar Moe si dikting. Kritikk av dei negative sidene ved bygda, trongsyn, fordommar, sladdersjuke og framandfrykt, har solid tradisjon i norsk bygdemålsdikting. Ingvar Moe fornya og utvikla dette i nye sjangrar, i modernistiske og personlege dikt, og i overrealistiske prosatekstar. Som kåsør i NRK radio hadde Ingvar Mo eit stort publikum. I kåseria, som er samla i bøkene Kjære kyrkjefolk (1981) og Frå oppvaskkummen (1983), raljerte han ironisk og respektlaust med tema i tida.
Jimmy Næs er trubadur, tekstforfattar, komponist og formidlar. I dette programmet har trubaduren laga 4 viser med tekst av Ingvar Moe. I tillegg har kjende artistar som Vamp, Olav Stedje, Stanley Jacobsen og Vestlandsfanden framført songar med Moe sine tekstar. Tonar er elles laga av Otto Aalmo, Morten Odeen, Øyvind Staveland, Stanley Jacobsen, Jonas Fjeld, Erik Kvalheim, Reidar Brendeland, og Nils Halleland. Programmet inneheld - i tillegg til 16 viser og songar - nokre dikt og forteljingar.