13 ivrige damer møtte opp denne kvelden for å hyggje seg saman. Nokre fekk ansvar for matlaginga, medan andre bretta opp ermane og gjekk i gong med å spøta for første gong. Tøflar er målet med strikkeprosjektet, og fleire kom godt i gong med dette. Fordelen denne kvelden var at nybegynnarar og vidarekomne strikkarar var med, og det var difor hjelp å få for dei som trengte det.
Jentehobbyklubb er eit samarbeid mellom soknerådet til Kvinnherad kyrkja og Omvikdal Bygdekvinnelag, og har som mål å samle jenter/damer frå ulike kulturar. Dette er eit tilbod som er veldig i tråd med bygdekvinnelaget sitt prosjekt "Kvinner-UT". Gleda var difor stor då leiaren i Omvikdalen bygdekvinnelag stakk innom og fortalte at organisasjonen har valt å fortsetje dette prosjektet.