Desse møtte til årsmøte i Frivilligsentralen: Liv Solfrid, Anny, Hilde, Anita, Astrid, Kari Marie, Kristine, Henrikke og Evelyn.
Siv Prestegard, Folgefonn sin representant i distriktslaget, var invitert til møtet. Ho kunne ikkje koma grunna eit møte i Bondelaget på same tid.
Liv Solfrid opna møtet og ynskte alle velkommen.
Sak 1: Innkalling og sakliste vart godkjend.
Sak 2: Evelyn leste opp årsmeldinga. Denne vart godkjend med nokre merknader som vil bli retta.
Sak 3: Revidert rekneskap gjorde Anny greie for, og dette vart godkjend.
Anny og Liv Solfrid informerte om brurebunaden. Bunaden har vore for lite synleg i strid med den fyrste avtalen med Husflidslaget. Odda og Skare BKL har hatt møte med Husfliden. Avtalen er korrigert og gjeld for 3 nye år. Bunaden skal stillast ut i mai og juni månad, og skal marknadsførast på nettsidene til Husflidslaget.
Det vart litt diskusjon på årsmøtet om kva som kunne gjerast betre for å gjere bunaden meir kjend.
Anny styrer stell og utleige av 2 konfirmantbunader til gutar. Desse blir leigd ut kvart år til konfirmantar. Liv Solfrid overtek nå stell, oppbevaring og utleige av desse.
Sak 4: Val
Kontaktperson: Liv Solfrid Lono
Kasserar: Anny Sandvin
Skrivar: Anita Bang
Revisor: Kristine Rødal
Vara: Henrikke Sveinsgjerd
Utsendingar til årsmøte i Ulvik den 13. og 14. mars 2021 vil bli bestemt i januar.
Liv Solfrid ynskjer avløysing som kontaktperson frå neste årsmøte.
Anny leste opp ein artikkel frå "Liv og Rør", eit informasjonsblad frå Kraftmuseets venner. Interessant å høyre om pandemiar i Norge og Hardanger. Vi fekk høyre om kva dei hadde å slite med i tidlegare tider.
Det vart tid for kaffepause og åresal. Anny og Hilde diska opp med gode smørbrød og vidunderleg eplekake. Smørblide vinnarar kunne gå lukkelege heim med fine gevinstar.
Sak 5: Arbeidsplan vart sett opp på møtet den 16. september 2020. Pandemien og smittevernet gjer at fleire aktivitetar må utsetjast eller avlysast. Vi legg planar frå møte til møte så lenge restriksjonane held fram.
Møtet slutta kl 21:30.
Evelyn Rabbe
Skrivar