Symaskin til ukrainske kvinner
Symaskin til ukrainske kvinner

Symaskiner til ukrainske kvinner

Ei symaskin kan gje mykje glede

Til Kinsarvik har det kome fleire flyktningar frå Ukraina. Dei er flinke til å spørja om hjelp når dei treng det, og bygdefolket er velviljuge til å stilla opp dersom dei kan hjelpa. Då me i bygdekvinnelaget fekk høyra at dei ukrainske kvinnene ynskte seg symaskiner ville me gjerne hjelpa. Det enklaste var å kjøpa nye, gode maskiner. I dag kunne me overrekkja maskinene til to representantar for dei ukrainarane. Gleda over gåva var stor, både hjå dei som fekk og dei som gav.

Bli medlem