Så langt i år har me gjennomført tre medlemsmøte:
21. januar møtte 45 personar i Fjordahallen til bokkveld. Bibliotekar Erika Alnæs fortalde om Kinsarvik bibliotek og presenterte mange bøker frå ulike forfattarar og ulike sjangrar. Me fekk bryna oss på bokquiz.
14. februar var det kvinnetreff med spesiell invitasjon til innvandrarkvinner. Me bretta serviettar, koste oss med eritreisk mat og norske kaker, underhaldning med spansk song og toradarmusikk. Me fekk sjå biletkavalkade som viste arbeidet i laget. Samstundes med møtet var perlekurset i full sving i eit anna rom, og me fekk sjå innom og beundra dei mange flotte perlebringklutane og belta.
10. mars hadde me fellesmøte med Bu og Ringøy bygdekvinnelag. Det møtte 27 personar. Hovudtema var bruk av bunad og skauteteknikk . Alis Soldal Bjotveit fortalde om korleis ein feller skaut. Denne teknikken er vanskeleg, og i ferd med å verta gløymd. Eit anna tema var korleis verva unge medlemmer. Også denne kvelden hadde me quiz.
Aprilmøtet er avlyst grunna Koronapandemien. Det står att ein kveld av perlekurset. Når det gjeld planlagt kakebaking i eldhuset og kakebasar får me koma tilbake til det.
Kjære flotte bygdekvinner: Ta godt vare på deg sjølv og kvarandre !
God Påske!