Krotakaker i sentrum!

Kinsarvik bygdekvinnelag har hatt sin årlege stordugnad.

Å ta vare på, og å spreia kunnskap om tradisjonen rundt steiking og bruk av krotakaker har alltid vore ei sentral oppgåve for bygdekvinnelaget i Kinsarvik. No har damene igjen brukt tid og krefter på å produsera kaker for folket. Laurdag var det kakebasar, den 46.i rekkja. Men før me kom så langt var det 2 dagar med kakesteiking i eldhuset ved Bråvolltunet. Tre skift a 4 timar med 4 bakstekoner på kvart skift, -  frå 8 om morgonen til 8 om kvelden. Det vart ein del kaker! I tillegg hadde medlemmene laga anna godt bakverk som bollar, brød, rundstykke og mjølkekaker til basaren ved Borstova. Så her har bygdekvinnene verkeleg stått på, og svært mange av medlemmene har vore i aktivitet med dette. Men så er også denne «kakedagen» hovudinntektskjelda til laget. Trass i litt grått ver var det godt oppmøte i  år og, ca 80 stk. med stort og smått. Og folk kjøpte årer, kjøpte kaker på auksjon, og alle kakepakkane me hadde til sals forsvann også. Folk likar krotakaker!

 

Det finst fleire oppskrifter på krotakaker, men den som Kinsarvik bygdekvinnelag brukar i eldhuset finn du i faktaboksen nedanfor. God bakst!

Krotakaker

                   KROTAKAKER

7 l vatn                5 l vatn

7 ¾ kg                  5,5 - 6 kg sikta rug

¾ kg                    ½ kg fin sammalen rug (kan bytast ut med sikta rug                        etter behag)

1,5kg                   Ca. 1,150 kg fin kveite

10 ts salt             1 ts salt pr kg mjøl

Ca. 4 ts  su           2,5 ts sukker

         1 pk. Gjær (50 g)

Set deigen med kaldt vatn kvelden før, når du vil steikja frå morgonen.

For ny deig utpå dagen, bruk lunka vatn.

Deigen skal vera som ein fast brøddeig når du lagar den.

Knoa opp att neste morgon med sikta rug blanda med 15 % fin kveite.

Til breiemjøl (utbaking) brukar ein same sort mjøl eller berre kveite.

 

                   LUKKE TIL!

 

7 l veske    ca. 10-11 kg mjøl

5l veske     «      7-7,5 kg mjøl

Bli medlem