I gang igjen!

På Kinsarvik Bygdekvinnelag sitt første møte i haust stod ville nyttevekstar og basar på programmet.

17 av medlemmene møtte opp i Borstova, der det var godt og varmt.  Litt seint å finna etande planter å ta inn frå naturen no, men det vart delt ut smaksprøvar av både blåbær- og bjørnebærsyltetøy, eplemos og hyllebærsaft. Medlemmene var bedne om å ta med gevinstar til utlodding denne kvelden, gjerne noko sjølvlaga. Det var derfor mange fine gevinstar å ta lodd på, og det vart over 1300 kr. til Bygdekvinelaget. Flott gjort, damer! Det vart og tid til  diskutera arbeidsplan for laget neste år, og sjølvsagt mat og kaffi.

Bli medlem