To heile dagar - frå åtte om morgonen til åtte om kvelden (minst) er det fyr i omnen i eldhuset på Bråvoll. Der det vert steikt kaker for utlodding og sal på den tradisjonsrike kakebasaren. 4 bakarar om gongen, 3 vakter pr dag. Nokre stiller opp begge dagane. Dette er eit stordugnad og me må også spørja andre enn medlemmer om hjelp.
Kakebasaren var i år laurdag 15. juni. Fint ver og mykje folk sytte for god stemning og god innteket til bygdekvinnelaget.