Interessa for å læra å sy Hardangerbunad er stor i Kinsarvik og bygdene rundt. Det var difor mange som var glade for at Kinsarvik bygdekvinnelag skipa til kurs denne våre. Frå slutten av januar, og i alt 9 kurskveldar kunne 10 deltakarar sy alt opplut, rukkastakk og foldastakk. I tillegg vart det og montert bunadsskjorte. Kurslæraren var Hildegunn Øvsthus Jordal som viste dei ivrige deltakarane venleg men bestemt, korleis saumen skulle vera for å få eit godt resultat.