Mars 2018. Måneskinnstur på Holsåsen.

Hol Bygdekvinner på skitur sundag kveld til lavvoen ved Svarttjødn på Holsåsen. Nysethuldra hadde sniki seg i forvegen og fyra i omnen. Så kom resten av gjengen, godt utstyrt med hovudlykter.

Tusen takk til Randi og Liv Berit som serverte ferske boller i tre variantar og kakao med krem. Krystall stettefatet hadde vi gløymt att heime, men bollene vart servert på det beste vi fann i lavvoen. Bollene smakte herleg! ....saman med kakao og kaffi! 

Bord hadde vi også med for anledningen....og duk! Vi kan da ikkje eta utan duk og lys på bordet.!

Alle hadde tatt med litt ved, så no er kassa full att.

Vi hadde ein fin tur heim att, nydeleg silkeføre!  Månen? Yr samarbeida ikkje! Men kjempetriveleg tur allikevel!!!

Bli medlem