Måneskinnstur på Holsåsen.

13. februar 2017

Ein flott kveld. Hol Bygdekvinnelag arrangerte måneskinnstur på ski på Holsåsen. Vi var nesten tjue sprekingar som la ut på tur seine kvelden, men med hovudlykter og månen som lyste opp, kom vi oss langt innpå åsen. Tilbake ved startstreken var bålpanna tent. Me fekk servert varm kakao med krem og deilege kveitebollar, tre slag! Vi varma bollane på bålet. Gjett om det smakte godt med varm kakao og ferske bollar! TUSEN takk til Anna, Liv Berit og Tone B som stelte i stand for oss ! Ein slik tur hugsar me lenge!

Bli medlem