Årsmøte 16.oktober 2019

Triveleg kveld på Storestølen

Årsmøtet vart halde på Storestølen Fjellstugu. Omlag halvparten av laget sine medlemmar møtte. Vi hadde ein kjempetriveleg kveld. Først møte ein times tid. Årsmelding, reknskap og val. Inger Grostølen takka av som leiar, Inger Margrethe Medhus vart ny leiar i laget. Styremedlemmane frå 2019 sit vidare i 2020: Tone Berg, Inger Grostølen, Gunn Berit Karganrood og Ingunn Nestegard. Vara, Elisabeth Haugen og Borgny Perstølen. Ann Kristin Breie tek reknskapen, men sit ikkje i styret. Valnemnd: Kari Nedremyr og Berit Holestøl.

Så var det tid for nydeleg middag og sosialt samver. IM 

Bli medlem