Faklar og levande lys ønska oss velkommen til førjulskveld med gløgg og peparkaker. Flittige bygdekvinner laga kransar og juledekorasjonar, vi dekorerte lys med "serviettmetoden", og saum vart det og! Tusen takk til Svanhild, Gunn Berit og Elisabeth som laga i stand så fin førjulskveld i Bygdekvinnelaget. Påsmurt julekake og "verdas beste" smakte godt til kaffien. Det var tid til "quiz" også, skikkeleg artig! Beklager bilete som ikkje vil samarbeide og stå rette vegen, skal sjå kva eg kan gjera med saken.
im