Det blei ein fantastisk jubileumstur for 35 bygdekvinner den 11. august. Vi fekk profesjonell omvisning på Slottet, besøk i "Stallen" og til sist middag på Ekebergrestauranten. Bussturen fram og tilbake var så behageleg den kunne bli, og vi takkar sjåfør, medhjelpar og turkomitéen for eit flott tilrettlagt opplegg som nok ikkje går i gløymeboka.
Alle foto Reidun Dahl