Foto: Randi Navestad
Vi ser framover og gler oss og til nytt Bygdkvinneår! No håper og trur vi det nye året blir meir slik det var før Covid 19, at vi kan møtast fritt, vere i lag som før og kanskje og få dele ein klem når vi møtest.
Lyset kjem tilbake slik det står i diktet vi deler nokre vers frå her.
Alt blir betre - det gler vi oss til!
Desemberdikt
Det er no i den mørke tida
ein hugsar og kjem på
at lyset vil komme tilbake
at bonden igjen skal så.
Det er no i desember
ein tenkjer på kvar ein står.
Det er no i desember
ein hugsar at det ventar ein ny vår.
Men det er òg no ein hugsar
at livet er så altfor kort.
Det er no ein må prøve å hugse
på alt ein ønskjer å få gjort.
Det er no i desember
ein kan sjå lette snøfnugg sveve,
som smeltar og blir borte så lett.
Det er no ein må hugse å leve.
Jens Haugan
God jul til alle!