Fitjar Bygdekvinnelag på Havnahuset.

Vigdis Aarre Olsen og Svanhild Kloster er lesevenner på Havnahuset. Dei les for dei eldre og sprer glede med besøket sitt. Kunne du tenkt deg å være lesevenn?Eller kjenner du nokon som kan tenke seg det. Ta kontakt med biblioteket, eller med leiar i Fitjar Bygdekvinnelag Lilli-Ann Drønen.

Refererer til meld . frå leiar Lilli-Ann Drønen:

Lesevenner på Havnahuset . Fitjar Folkebibliotek tok kontakt med Fitjar Bygdekvinnelag i vinter om nokon av medlemmane kunne tenkje seg å bli lesevenn på Havnahuset bu og servicesenter. Og det var det, berre to som sa seg interesert.

Svanhild Kloster og Vigdis Aarre Olsen sa seg villige med ein gong, dei har lest for bebuarane i heile vår, er det andre i laget som har lyst til å bli lesevenn er det berre å takontakt med biblioteket eller Lilli-ann Drønen.

Bli medlem