Torsdag 25/4 var vi 35 damer som reiste til Kleppenes Gard i Hyen. Her fekk vi servert kjempegod mexicansk tomatsuppe med tilbehør, og nydeleg kake til kaffien. Det var god stemning og Anne Karin Kleppenes fortalde om historia til Kleppeneset og livet der. Ein fantastisk plass med flott utsikt over Hyefjorden. Var bra heldige med vêret, sjøl om vi valde den eine dagen med litt regn i lufta, og fekk sjå oss litt om ute og på Stabburet der det heile starta. Her var det plass til 24 gjester, no er fjøsen ombygd til flott selskapslokale. Ein plass vi kan anbefale på det varmaste. Vi kjem gjerne att, her held dei og tapaskurs som vi kan og få til i regi av Bygdekvinnelaget om det er interesse for det. Takk for en kjekk kveld ilag, bygdekvinner.