Tirsdag 5/3 hadde vi medlemsmøte i Breidarheim. Jenny Flølo Kleppe fortalde om turen til Gambia i januar, og mange kjekke og lærerike opplevelser. Turen fekk ho støtte til frå bl.a. Bygdekvinnelaget . Britt Randi Heggheim fortalde om opplevelser frå sin tur til Nepal sist haust, der ho bl.a besøkte et sjukehus som er dreve av to nordmenn. Begge fekk sjå kor lite menneska der greier seg med, korleis dei lever og kor takknemlege dei er for lite. Veldig kjekt å høyre på begge. Grete Lysen leda oss godt gjennom møtet, og vi fekk fokus på kvinnedagen 8.mars, litt på forskudd. Vi kosa oss med god prat, mat og fastelavnsbollar. Ein kjekke kveld ilag med mange oppmøtte.