Breim Bygdekvinnelag på pizza- og bollebaking på Fjorddamattunet med Kari Støfringdal.
Vi var 18 personar frå Breim Bygdekvinnelag + 2 frå Loen som stillte på hos Kari Støfringsdal for baking av pizza og bollar. Vi baka pizza på Italiensk med tomatsaus og kvit pizzasaus med forskjellig slag fyll. Av kveitedeig laga vi tebirks og av søt kveitedeig vart det kanelknutar, vi fekk lære, for meg i alle fall, ein ny måte å forme kanelknutar.
Etter bakinga var det eting av pizzaen med nydeleg rabarbrasaft til og kaffi til gjærbaksten. Vi hadde ein veldig kjekke kursdag der praten gikk lystig og atmosfæra på «kjøkkenet» var lun og koseleg. Ein sosial og triveleg dag, stor takk til Kari.
Helsing frå Breim Bygdekvinnelag.