22 Spreke damer frå Fjorden og ei supersprek instruktør frå Bergen var samla til ei heil helg med trening og sosialt samver . Me starta opp fredagskvelden med yoga. Laurdagen starta med ei økt Powestep (som er uthaldenheit og styrketrening) og etter ei lita pustepause var det tid for ei økt med yoga. Så laga me felles lunch på bygdarommet før me gjekk heim for dagen. Sundag morgon var me på plass att og starta dagen med styrketrening med strikk og så avslutta me treeningshelga med nok ei yogaøkt. Det var ei kjempekjekk helg med Kjersti M. Føllesdal som som kjempeflink instruktør og fornøgde damer som gjerne vil ha fleire slike helger, så det må me prøve å få til tenker eg. Me fekk og flott omtale i lokalavisa i etterkant. http://www.hardanger-folkeblad.no