Leiaren vår ønskte velkommen, deretter informasjon om kveldens program, som gammel tradisjon starta vi med å syngeen sang. I kveld blei det vårvisa «Sov du lille spire». Deretter eit vårdikt av Arnulf Øverland.
Som gjester denne kvelden var Ranneig Bakken og Turid Opsund Mæland frå Mattilsynet. Dei hadde sin arbeidsplass rundt i Telemark, men fast kontor ved Dyrskuplassen i Seljord.
Dei informerte om merking av mat med datorstempling, viktigheten av denne. Det er fleire reglar når det gjeld dette. Vi fekk god informasjon. Det var fleire unge medlemmer med oss denne kvelden, dei hadde mange spørsmål, desse vart besvart på ein nyttig og lærerik måte. Ellers henviste dei til heimesida: mattilsynet.no.
Deretter var det innlevering av babysokker til nyfødde, desse skal vi levere til Bø Helsestasjon, Mange hadde strikka, men fleir kjem til etter kvart.
Inga Haugland orienterte om vevkurs, dette er planlagt på Speiderhuset ved Oterholt. Meir informasjon kjem til hausten.
Servering denne kvelden var mange typer oster. Dette vart sponsa av Tine Meierier. Eit flott ostebord, stor takk til dei.
Avslutta med loddsal.
Takk for frammøte, alle vel heim.