Byggkorn og innsamling til Tv- aksjonen.

«Byggkorn  -  god norsk tradisjon er ein positiv aksjon for å fremme norsk bygg.

Denne aksjonen er satt i gang av Norges Bygdekvinnelag på landsbasis og har Coop som samarbeidspartner.

Frå Bø  bygdekvinnelag har 2 medlemmer deila ut 90 posar utafor Coop i Sønstebøtunet.

I desse posane var det matvarer av byggkorn frå gullbygg.

Mykje folk gjekk forbi og fekk med seg ein pose + smaksprøve av bygg-grøt m/syltetøy oppå.

Alle var veldig fornøyde.

 

Samme dagen 20. oktober var Bø bygdekvinnelag også tilstades på Bø Torg. 

Her solgte me bygg-krem og inntekta gjekk til årets TV-aksjon., - kr. 720,-.

Dessverre var det lite folk på torget, men me var iallfall representerte. 

Alle som smaka synes bygg-krem m/saftsaus var veldig godt.

Bli medlem