Årsmøte ved Bø Museum

Bø bygdekvinnelags årsmøte  var  30. oktober 2018. 

 Leiaren ynskte  alle velkomne.  Deretter sang me, og så ord for dagen ved Liv Birgit Ulvenes. Ho las bl.a. frå boka til Sina Sanda.
Årsmøtesakene blei greit gjennomførte. Me hadde besøk av Sigrid Bø.  Ho fortalte om «trølldom». Artig å høyre på ho. 

Så pause med romegraut , spekemat og kaffe/kringle etterpå. Valet blei også  raskt gjennomført og den nye leiaren blei Astrid Irene Roheim. 
Dei 2 som gjekk ut av styret, Helga Eika og Bjørg Idland blei overrakt blomar. Det var  14 frammøtte.

Til slutt takka Helga for seg og for godt samarbeid i laget  og ynskte dei nye i styret lykke til i arbeidet framover.

Bli medlem