Liv Marion frå Garnsenteret viste oss det nyaste innan strikkemote og garn. Alle som hadde lyst fekk og prøve å hekle dei flotte strikkeunderlaga ho hadde med. Nokon var nye i heklekunsten og andre meir drevne. Etter kvart vaks det fram mange fine underlag. Til hausten - på oktobermøtet skal me få lære å pynte underlaga med nålefilting. Før nålefilting skal me tova underlaga (i vaskemaskina).