Sommarturen starta med oppmøte på Vandrarheimen i Peter Bondes veg ved Vangsvatnet. Der i frå gjekk me saman til Finne-gods i Gullfjordungen. Knut Finne tok vel i mot oss på Finnegard, der me fekk høyra om økologisk hagedrift og korleis jobba med sal og foredling av matvarer direkte til forbrukarar i Voss og omegn. Knut og kona tok over garden i 1994 og driv garden som 10.generasjon. Vidare gjekk turen til Finneloftet, som er eit staselegg bygg frå same periode som stavkyrkjene, Bygget vart oppført i år 1295 og er eit av dei eldste profane trebygg i Norge. Knut Finne tok oss med inn på loftet og fortalde på mesterleg vis historia til Finne-godset frå år 1250 og fram til vår tid med dei to sentrale Vossa-ættene Finne og Rogne, og kalla hjorteætta og saueætta. Dette var ei lærerik og interresan stund for ein lydhøyrd forsamling, som hadde mange spørsmål om Finneloftet og syntes det var ekstra kjekt å få høyra om dei sentrale kvinnenne i historia til loftet. Signe Finne Seim, tanta til Knut Finne, og Per Indrehus har laga eit musikkverk om kvinnenne i loftet, som har vore framført her.
Mette på middelaldesoge vandra me saman ned att til Vandrarheimen. Der vart me ynskja velkomen og fekk servert nydeleg suppe med brennesle og syreblad og velsmakande brød til. I tillegg til suppe fekk me kaffi og ei god eplekake Drøsen gjekk ivrig rundt bordet med utsyn mot Vangsvatnet og ein vakker sommarkveld som venta på oss der ute. 31 damer i alderen 8 til 95 år kosa seg i lag denne kvelden. Ein stor takk til Marit Helgaset og Gro Gjermo i turnemnda som laga til sommarturen.
Me ser fram til neste sommartur - alltid lika spennande å sjå kvar neste turnemnd vil ta oss med på tur.