Tysdag 15.oktober var Solheim Ungdomshus vakkert pynta og dekka på til 39 forventningsfulle bygdekvinner frå fjernt og nært. Bengt Arvidsson, vinekspert, er invitert og skal losa oss gjennom kvelden med ulike tapasrettar og dessert frå Lene`s kjøkken. Bengt Arvidsson har valgt ut vin til rettane. Alt ligg til rette for ein triveleg og smakfull kveld.
Liv Marion Grønås ynskte alle hjarteleg velkomen til ein spennande og lærerik kveld med mykje godt på menyen. Bengt Arvidsson fortel at han set pris på å verta invitert for 2.gong til vinkveld. 1.gong var for 5 år sidan og den gong som no er det svært god stemning.Han understrekar at vin smakar ekstra godt i triveleg selskap, og at han har som mål med vinkvelden å fremja større medvit kring mat og vin i kombinasjon.
Me starta kvelden med ein sprudlande fransk kvitvin, Charles de Fe`re, som i følgje Bengt Arvidsson passar godt til mykje både seint og tidleg. Den er ypparleg til reker og skaldyr. Det fekk me erfara med 1. tapasretten: scampi med aioli. Neste rett ut var svinefilet med soltørka tomat. Til denne retten fekk me servert ein fransk riesling, Jean Geiler, frå Alsace. Bengt oppfordra oss til å sirkulera vinen i glaset og bruka tid på å smaka på vinen. Kva temperatur det er på vinen har mykje å seia for smaksopplevinga. Musserande vin kan gjerne ha ein temperatur på 4-6 grader, rose`vin 6-8 grader og kvitvin skal og vera kald ved servering. 3.retten var røykt andebryst med rosmarinkrem. Det smakte godt med ein spennande raudvin frå New Zealand: Matua, pinot noir. Bengt kunne fortelja at raudvin av pinot noir druer smakar og godt til ost og røykt kjøt som pinnekjøt og smalahove, og kan vera eit godt alternativ til øl og akevitt. Kva temperatur raudvinen skal ha vil vareiera. Ein lett raudvin kan ha ein temperatur på 12 - 15 grader, ein tyngre raudvin 17 - 20 grader. I sør-Europa vil dei gjerne ha temperert raudvin på 21 - 22 grader for å fremja dei gode smakane i vinen. Me i kaldare strøk ynskjer ofte å ha vinen litt kaldare. Dette er smak og behag, det er berre å prøva seg fram. Me avslutta måltidet med sjokolademusse med rørte bringebær. Til den smaka det godt med ein søtare vin frå Nord Italia: Corte Giara Recioto, Della Valpolicella ( og ein kopp kaffi ).
Bengt fortalde oss tidlegare på kvelden om kva som skapar harmoni og disharmoni mellom mat og vin. Etter tre tapasrettar og dessert med tilhøyrande vin til kan me berre slå fast at denne kvelden var det utsøkt harmoni mellom mat og vin. Bengt og Lene`s kjøken har gjort ein god jobb og me ser fram til neste vin & mat-kveld.
Ein stor takk til Liv marion som hadde organisert denne kvelden og ikkje minst ein stor takk til kjøkkengjengen: Kari Tesdal, Berit Klyve, Randi Serigstad Fenne og Liv Kolskår. Dei hadde pynta og dekka nydeleg haustbord, førbudd vin og matkvelden saman med Bengt Arvidsson, serverte og rydda opp etter gilde. Eit godt bakkemanskap er nøkkelen til ein suksessfull kveld.
Ingen fest utan ein god likør ! Bjørg Grønås hadde laga ein veldig god bringebærlikør, som alle fekk smaka på på. I tillegg hadde ho med oppskrift til heile gjengen, og me fekk ein kort innføring i kunsten å laga likør. Tusen takk til Bjørg.
Me avslutta kvelden med auksjon på ei flaske raudvin, kvitvin og bringebærlikør a`la Bjørg. God stemning og buda sat etter kvart laust. Inntekta frå auksjonen går til TV-innsamlinga til CARE, som jobbar for å betra levekåra til kvinner i utsatte områder i verda.