Eides Språksjov på det Akademiske kvarter  Foto: Bjørg Grønås
Eides Språksjov på det Akademiske kvarter Foto: Bjørg Grønås
God stemning på lokaltoget til Bergen  Foto: Liv Spilde
God stemning på lokaltoget til Bergen Foto: Liv Spilde
Svolten gjeng på Vågsallmenningen  Foto: Liv Spilde
Svolten gjeng på Vågsallmenningen Foto: Liv Spilde
Mykje god mat å velgje i  Foto: Gro Gjermo
Mykje god mat å velgje i Foto: Gro Gjermo
Bygdedamer på Marbørsen  Foto: Liv Spilde
Bygdedamer på Marbørsen Foto: Liv Spilde
På veg til det Akademiske kvarter  Foto: Liv Spilde
På veg til det Akademiske kvarter Foto: Liv Spilde
Tre damer som er klar for Språksjov  Foto: Liv Spilde
Tre damer som er klar for Språksjov Foto: Liv Spilde
Til ettertanke...  Foto: Liv Spilde
Til ettertanke... Foto: Liv Spilde
God stemning  Foto: Bjørg Grønås
God stemning Foto: Bjørg Grønås
Foto: lånt frå NRK
Foto: lånt frå NRK

Kulturkveld i Bergen

35 Bygdedamer frå Bjørgum og omegn tok turen til Det Akademiske kvarter i Bergen for å oppleve Eides Språksjov.

Onsdag 20. februar reiste 35 Bygdedamer med tog til Bergen for å vere publikum på Eides Språksjov. Me var ein fin gjeng med medlemmar og andre som ville vera med Bjørgum Bygdekvinnelag på tur. Nokon kom tidleg til Bergen medan andre måtte nett ein tur på ski...eller jobb før byturen. Me avtalte å møte kvarandre på Matbørsen og Egon, og etter eit godt måltid gjekk me til Det Akademiske kvarter. Det vart ein kveld med stort lokalt tilsnitt, Bjørgum Bygdekvinnelag såg fram til å sjå sambygdingane Linda Eide, Sjur Hjeltnes og Gunnstein Akselberg i aksjon.Og særskild  stas med Linda som kjem frå same grend som mange av oss. Med eit skråblikk på vår språklege kvardag vart det ein morosam, lærerik og underhaldane kveld. Me fekk møta Rebecca Cox, som var gjest i Sjovet. Ho har budd i Norge i 20 år og ser ei utvikling der det norske språk vert meir og meir anglofisert. Mange brukar norske og engelske ord om ein annan med meir eller, ikkje minst, mindre hell. Ho oppfordra til å bruke enten norsk eller engelsk, då unngår ein mange mistydingar. Den andre gjesten var Frode Grytten, forfattar frå Odda. Han fortalde om det å skrive korte forteljingar, vere gjerrig med språket, då lagar ein plass til lesaren og tolking av teksten. I 538 dagar skreiv Frode Grytten Twitternoveller på 140 tegn. No er dei komen i bokform, og me fekk høyre nokon av dei. Grytten avslutta med  "Morgondikt", som han las med musikk til. Ein vakker avsluttning !  Etter Språksjovet gjekk med i samla tropp og nådde 20.38 toget heim til Voss. Godt nøgde med ein triveleg kveld saman i godt lag.

Bli medlem