Laurdag 28.august vart det tur til Jussdalsvatnet.
Det var flott ver, for ein fin fjelltur. Men dog var det berre ein firerbande og ein hund som vart freista til å ta turen.
Me køyrde bil til Saghaugen, og gjekk derifrå til Sollikamben (800 moh). Det stig godt opp bakkane, men ein får ein flott utsikt over Vossabygda. Vegen vidare gjekk i myrlendt terreng, over ein knaus, so var me dar!-) ved Jussdalsvatnet. Det er 4 grunneigarar som eig vatnet, som har støl i nærleiken. Denne gongen var me to som bada i vatnet. God badetemp for tøffingar!!
Etter ein god pause med mat og drykk, gjekk turen heimatt om Øvraset og attende til bilane på Saghaugen.