No har me vore aktive i heile 80 år. Fleire er blitt eldre og har fått gråe hår. Men "innvends" er me spreke og ikkje særleg tung. Berre sjå på medlemar, så kjenner du deg ung, Tekst frå 2.vers i 80-års visa,
Og dette kan me kjenne oss att i. Jubileumskomiteen laga til ein flott fest for medlemane. Stor stemning var det frå første stund, då Randi F. Opheim svingde gitaren, ynskte velkomen og losa festlyden vel gjennom eigenkomponert 80-års vise. Og ein fryd var det å kome til duk og vakkert pynta festbord saman med festpynta bygdedamer. Marit Helgaset fortalde lagsoga, om den gongen laget vart skipa for 80 år sidan med hjelp av Anna Bjørgum. Marit fortalde vidare om eit lag med mykje aktivitet gjennom 80 år. Der ulike kurs og aktivitetane har spegla samfunnet ein levde i til ein kvar tid. Til dømes vart det arrangert skomakerkurs og sykurs i 1946. Dette grunna mangel på klede og sko etter 5 harde krigsår. I seinar år har Bjørgum Bygdekvinnelag organisert kurs i baking av tradisjonsbakst som Vossakling, krotakake og flatbrød med meir. Fokuset er mykje på vidareformidling av kunnskap og tradisjonar, og den gong som no å skape møteplassar for bygdekvinner. Randi F. Opheim fortalde på rim om kvart enkelt medlem. Ein flott måte å inkludere alle medlemane, og syna mangfaldet i laget vårt på. Laget vårt fekk helsingar til jubileet. Liv Spilde las opp jubileumstelegram til glade damer på Bjørgum frå leiar i Norges Bygdekvinnelag, Ellen Krageberg. Me fekk og helsing og gåve frå Hordaland Bygdekvinnelag ved Bjørg Strømme og frå Voss Bygdekvinnelag ved Ingeleiv Haugo, På koldtbordet bugna det av allslags godsaker, så her var det berre å velgje og håpa at augene vart mett før magen. Etter god mat og drikke og drøs rundt bordet var det tid for å høyre meir om laget. Brita Knapstad syna bilete og fortalde om ulike aktivitetar og turar opp gjennom åra med god hjelp frå engasjerte medlemar. Leik og morro vart det då Berit Klyve sende ein pakke rundt blant gjestane med forklaring på rim om kven som skulle ha den, Presangen vandra frå arm til arm og landa til slutt hjå Liv Spilde, som enda opp som langhåra hippiblondine med partyhatt. Etter å ha trimma lattermusklane vel og lenge smakte det med kaffi og kake. Og kakebordet var eit flott syn med mange heimelaga og velsmakande kaker. Så det var nok ingen som gjekk svoltne heim denne kvelden.
Tusen takk til jubileumskomiteen for ein uforgløymeleg fest. Denne kjem me til å leve lenge på ! No ser me fram til neste jubileum og vonar komiteen tar attval...