Birgit, nestleder i Bakke Bygdekvinnelag, forteller:
Ulikt dei siste år med hålkeføre og bar mark på Øra, hadde Dyvelgården i år tatt vinterkåpa på med 20 cm nysnø og kuldegrader. Inne var det fyr på peisen og triveleg med mange utstillere, kafé og bra med folk som kom og gjekk.
Bakke Bygdekvinnelag var sterkt representert med «Krambua», der me for tredje året på rad solgte egenproduserte julekranser og neverpynt, og med kafeen vår der juletallerken, «sju slag» julekaker og kaffe stod på menyen. I samband med julemarkedet var det tenning av julegrana utandørs. Me solgte varm eplegløgg som blei godt mottatt i det kalde vinterværet.
Trass i nærare ti kuldegrader deltok mange i fakkeltoget frå Bunnpris og i det påfølgjande programmet med tenning av julegrana ved Dyvelgården. Ljoset frå faklane og julegrana, snøen som dekka bakken og den klåre, kalde lufta - saman med gang rundt juletreet og opptreden av Musikken, fekk fram den riktige førjulsstemningen.
Tekst: Birgit Midtgård/ Hege Marita Skinnes