Utstyret til kurset, kart og kompass. Foto: Liv Spilde
Bjarne Fosse frå Voss utferdslag var flink læremeister. Foto: Bjørg A. Grønås
Bjarne forklarar kva som er viktig å tenkja på når ein er ute og skal bruka kart og kompass. Foto: Liv Spilde
Alle kom fram til rett plass. Foto: Liv Spilde
Takk for flott og lærerikt kurs Bjarne. God tur til deko som skal ut på tur.

KURS I BRUK AV KART OG KOMPASS

18 og 20 mai heldt Bjørgum Bygdekvinnelag kurs i kart og kompass. Ein kveld med teori og ein kveld ute i fjellet for å setja lærdom ut i praksis.

No i desse koronatider har det vorte meir atraktivt å kunna få vera ute i naturen.

Bjørgum Bygdekvinnelag hadde derfor sett opp kurs i bruk av kart og kompass. Når ein er ute i naturen kan ein ikkje stola på mobiltelefon og det er mange plassar der dei ikkje er dekning.

Så ein innføring i bruk at kart og kompass er ein nyttig ting å kunna.

Gjengen frå Bjørgum Bygdekvinnelag hadde to kjekke og lærerike  kveldar.

Takk til Bjarne Fosse som var kursleiar, og til Bente som laga nydelege lappar til oss fyrste kvelden.

 

 

Bli medlem