Det var kjekt og lærerikt på organisasjonskurs på Skei hotell, laurdag 27. januar. Sosan Asgari Mollestad kom frå NKB sentralt og fortalde om prosjektet Kvinner Ut , Gtrethe Brundtland frå sentralstyret, ga oss kunnskap om organisasjonen vår og samanhengen mellom dei ulike ledda i organisasjonen.
21 engasjerte bygdekvinner frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord var tilstades på kurset, nokre fleire var påmelde, og influensaen må ta skulda for fråfall i siste liten.
I tillegg til godt, fagleg påfyll, fekk vi nydeleg lunch og god pausemat innimellom. Dagen var lærerik, sosial og inkluderande, og samspelet mellom dei ulike aktørane framifrå!
Ein bra dag!!:)