10.Desember og vi tek turen til Prestegarden Nordre i Skjåk!

Eg kan sjå for meg garden, like ved Skjåk kyrkja, der Laila bur saman med ungar,mann og svigerforeldre. 

I alle åra eg har kjend Laila har ho vore kreativ, hatt pågangsmot og vore positiv. For nokre år sidan tok ho eit val og ville få kreativiteten i meir "ordna forhold", ho bestemte seg for å ta utdanning som bunadstilvirkar. 

Det er ikkje få "snappar" eg har sotte sett på, og sagt wow! denne tida som har gått. Mykje fint har vorte til på Raulandsakademiet i Telemark i løpet av dei 1,5 åra.

Damask stakk, rondastakk, montering av forskjellige bunader , for ikkje å gløyme bunadspleigga(!) og mykje meir har vorte "trylla"fram frå hendene til Laila, både i Telemark og heime i Skjåk.

Laila har passert 50, driv med kjøttfe saman med mannen Tor Inge,og jobbar på Skeimo, ein av nokre få matbutikkar i Skjåk Bygda. På garden bur og ungane Bård og Tonje Marita, og i helgane er og sonen Sverre Osvald heime att frå hybeltilværelsen.Sonen Jarl Kristian har budd for seg sjølv i mange år allereie:) I tillegg bur svigerforeldra Åse og Sverre på garden.

Itillegg til dette driv altså Laila for seg sjølv,med bunadtilverking, og mykje anna. Når du står der med eit ferdig vove fyrkle emne, og skulle hatt det montert innan 2 dagar, ja da kontaktar i allefall eg Laila.Da blir jobben gjort, raskt og fint:) 

Historia starta da Laila var lita og fekk låne symaskina til mor si. Da var det dokkene til Laila som fekk nye klede.

Så fekk ho prøve anna handarbeid, og mor satt ved sidan av og lærte velviljaugt bort til dottera. Så mykje av æra skal mamma ha, seier Laila. Ho hadde støtt tid til å lære bort.

I over 20 år har Laila sydd barnebunader, altså ikkje så langt unna dokkeklede ho sydde som jente.

Så, litt tilfeldig vart ho sport om å sy ein råndastakk for 7-8 år sidan. Slik starta det.Ein råndastakk vart til fleire, og ulike bunader kom til. 

I 2016 fann ho ut at det vart såpass mykje sying at det var på tide å starte verksemd, og "Laila's Hjemmelagde" så dagens ljos.

No er ho ferdig med kursa i Rauland, og neste mål er å ta svennebrev som bunadstilverkar i løpet av nokre år. Det tykkjer ho er greitt å ha, som eit prov på at ho har utdanning for å drive med faget,som ho ser på som eit tradisjonshandverk.

Bunadtilverkaren utarbeider mønstre, broderer, monterer og tilpassar bunader. Det finnes hundrevis av ulike bunader, så arbeidet varierer etter område og bunaden sitt historiske opphav. Som bunadtilverker syr ein for både hand og på symaskin. Omsaum og reparasjonar høyrer også med til yrket. 

Vanlige arbeidsoppgåver for bunadtilverkaren er måltaking og klypping, søm- og monteringsarbeid, brodering og veving og pressing og etterbehandling.

I tillegg til ulike søm- og broderingsteknikkar kan arbeidet omfatte veving, strikking og tvinning av snorer og band. I periodar av året vil det vere mykje arbeid som skal ferdigstillast til ei bestemt tid, til dømes til 17. mai. .

Jenny Steinsgard og Ragna Sperstad er to som Laila ser på som sine mentorar .Desse to har deld både røynsle og kunnskap om faget til Laila og dei sette stor pris på at Laila syr både dame og herrebunader. 

Bunad på UNESCOs kulturarvliste er ein draum. Den folkelege og allmenne bunadbruken i Noreg står i ei særstilling i internasjonal samanheng. Derfor vil Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon få norsk bunadbruk på UNESCOs oversikt over immateriell kulturarv. Søknaden blir sendt inn i 2020/21 og dette håpar Laila blir godkjent!

Vaskerommet har vorte syrom,der tryller ho fram mykje på symaskina.Det er ikkje berre bunadar som blir til på vaskerommet i Prestegarden. Ein kan og få sydd gardiner, skifta glidelås i god-jakka eller buksa, strikka diverse med vidare. I skrivande stund er det snart juleball på ungdomsskulen, og da kjem det ein og annan ballkjole som skal tilpassast. Laila ser at det har vore ei oppblomstring på heimelaga klede dei siste åra. Ein kan berre sjå korleis trenden med å strikke kofter har teke av.  Handsaumen veit eg ho har med seg alle stader. Både på setra og i stova heime blir mykje sting sydd.

Det blir ein god del besøk, når ein driv som syerske. Det skal målast, tilpassast, prøvast og hentast. Ofte vankar det ein kaffikopp rundt kjøkenbordet. Det er mannen, Tor Inge, som har rolla som kaffikokar. Vi er sosiale folk som gjerne slår av ein prat ved kundane.

Laila er oppteken av tradisjonar, ho er ikkje berre oppteken av bunadar og tilbehør, men t.d. for nokre år sidan vann ho, med hjelp av svigerfar Sverre, konkuransa om å lage Skjåk votten.

Sverre teikna ei akantus ranke, og Laila teikna om til mønster, og strikka votten.

 

Laila har ikkje brukt mykje kroner på marknadsføring. Ho har ein facebook og ein instagram profil. Der legg ho ut bilde av ting under produksjon og ferdige produkt. Det hender óg at det kjem eit og anna tipset om måtar å gjere ting på også. Ho brukar og emneknaggar som har med bunadar å gjere. Kvar bunad som blir levert er den beste marknadsføringa. Slik har denne verksemda vokse og vorte mykje meir enn ein hobby.

 

Og når Laila skal slå seg skikkeleg laus i å vera kreativ, bakar og pyntar ho nokre kunstverk av kaker!

No før jul, veit eg at det luktar både bakst og kjøttmat i Prestgarden. Tradisjonane haldes i hevd der.

 

Takk for at eg fekk "besøke" deg Laila, du er ei kjerring på bygda som virkeleg er med å skapar levande bygder!

 

Råndastakk

Råndastakk er en av landets mest tradisjonsrike kvinnebunader og har vært i bruk helt siden 1830-årene, nord i Gudbrandsdalen.

Navnet kommer fra ordet rånd som betyr stripe. Stakketøyet er i stripete toskaft verkenstoff, dvs. bomull i renning og ull i innslag, og kan fortsatt være håndvevd slik tradisjonen var. Mønsteret varierer ut fra lokale tradisjoner, og ofte hadde hver gård sitt spesielle mønster. I dag har vi mer en 50 ulike kombinasjoner av liv- og stakkestoff.

 Stakken og livet er montert sammen på denne bunaden. Forkleet finnes i mange ulike varianter.

Historien bak Rondastakk
Råndastakk – rondakjol, snørelivskjol – er stripede, slik navnet tilsier. Råndastakken er en livkjole fra Nord-Gudbrandsdalen som kom i bruk på 1830-tallet. Stakken var et tradisjonelt plagg både til hverdag og fest.

Den mest slitte stakken og blåtøyskjorte var til hverdagsbruk og den beste stakken med hvitskjorte og pent forkle til finere bruk. Fra århundreskiftet og frem til andre verdenskrig gikk Råndastakken gradvis ut av daglig bruk. Trolig har tradisjonen med Råndastakken holdt seg så lenge fordi tøyet var hjemmeprodusert. Spinning, farging og veving hjemme holdt seg helt til fabrikkene overtok. Det hjemmevevde tøyet var i tradisjonelle farger, ruter og rendere og i mange varianter.

Med industrifremstillingen av tøy fikk hundrevis av Råndastakker et preg av uniform. Mange valgte det billigste, fabrikkproduserte tøyet med den konsekvensen at etterspørselen etter det hjemmevevde forsvant mer og mer. I de første tiårene av 1900-tallet gikk Råndastakken fra å være både arbeids- og finklær til bare å bli et festplagg. Bruksformen endret seg gradvis og Råndastakken ble en bunad.

 

Kjelde: Norsk flid.

Bli medlem