Vi talde 18 kjekke hjelparar denne kvelden !
Vi talde 18 kjekke hjelparar denne kvelden !
Her blir jordbærpyramiden frisert etter alle kunstens reglar! Blomstra alt!
Her blir jordbærpyramiden frisert etter alle kunstens reglar! Blomstra alt!
Mykje bøy og tøy for stive ryggar og kne !
Mykje bøy og tøy for stive ryggar og kne !
Koseleg med mat og prat til slutt !
Koseleg med mat og prat til slutt !

Superdugnad i Sansehagen !


Tysdagskvelden var det dugnad i Sansehagen ved Valldal sjukeheim. Vi skulle rydde etter vinteren, plante i krukker til 17. mai, fylle på jord og gjødsel, rake utallige sekkar med lauv, kvist og ugras, vaske bord og stolar og mykje, mykje meir!
Frammøtet på dugnadskveldane har vore litt labert siste gongane, så derfor var vi kjempeglade for at heile 18 møtte opp denne gongen!! Då måtte også berberis, løvetann og skvalderkål til pers!!
Håper at pårørande er flinke til å ta med sine kjære ut i hagen og sjå på fine blomar og smake på bæra når dei blir modne. Og kanskje ta med kaffikoppen til paviljongen og nyte den der. Stor takk til Jon Bjørn Grønning som har laga to tøffe bord!
Dugnaden vart sjølvsagt avslutta med  kaffi og kaker. Det vart spandert av kjøkkenet på Heimen, og Turid Svarstad kom med kransekake!
Stor takk for all frivillig innsats!

 

Bli medlem