Mat og prat på medlemsmøtet.
Mat og prat på medlemsmøtet.
Mette serverte god byggrynssuppe.
Mette serverte god byggrynssuppe.
Nydeleg Kvæfjordkake frå Nelly!
Nydeleg Kvæfjordkake frå Nelly!

Medlemsmøte

Torsdag 28.februar var det medlemsmøte på Lingestova på Martin Lingehuset.

 

Solveig orienterte om:

- innsendt søknad om å bli årets lag i Bygdekvinnelaget.

- aksjon skulefrukost som startar no i mars på Valldal Ungdomsskule. Måndag, onsdag og fredag blir det servert graut !

- 14. mars blir det arrangert Forteljarkveld på M.L.huset. Vbk skal servere kaffi og mat.

- Tradisjonsmatkurs.- Brita og Elisabeth reiser på kurs til Bergen og skal seinare ha kurs i bygda.

- Mette orienterte om nytt prosjekt som Nbk er med på saman med Utviklingsfondet.Prosjektet går føre seg i Guatemala og prøver å få til "hjelp til sjølvhjelp ".

- vervekampanjen har også gitt resultat, - fleire nye medlemar i laget !

- Solveig orienterte også om Årsmøtet som skal vere i Kristiansund, samrådingsmøte for heile fylket i Valldal og eit inspirasjonsseminar i Trondheim. Dette kan medlemane melde seg på, men må då betale det meste sjølv.

Mat må til !! - Mette Marie hadde kokt smakfull  byggrynssuppe og Nelly nydeleg Kvæfjordkake.

- Åresal hadde vi sjølvsagt også,- vinnarlukka var ikkje likt fordelt dessverre !

- Elles vart det god prat rundt bordet, og nokre hadde med spøt ! Strikketøy altså!

Bli medlem