Styret i Buskerud Bygdekvinnelag arrangerte inspirasjonsseminar på Benterudstua på Hønefoss laurdag 4. februar. Omlag femti deltakarar vart ønskt velkommen med god varm kaffi og påsmurte, ferske rundstykke. Vår dyktige leiar, Sølvi Jødal ønskte velkommen og programmet kunne starte. Det var Chris Bjelke frå Gjensidigestiftelsen som starta med innlegg. Han er områdeleiar i Buskerud og oppmuntra alle bygdekvinner til å vere gode ambasadører for å finne flinke, frivillige ildsjeler som har gode prosjekt. Finn prosjekt og søk om midler! Gunn Jorunn Sørum frå NBK snakka generelt om bruk av nettsider og sosiale medier som informasjonskanaler. Ho hadde også innlegg og informerte om den nye nettstaden til NBK: Norsk tradisjonsmat.no. Ho fortalde også om det nye prosjektet til NBK: KvinnerUT. Ingrid Marit Terum tok for seg styringsdokumenta til NBK. Ho hadde også innlegg om lagsutvikling, møtekultur og verving. Inger Margrethe Medhus hadde referat og bilete frå prosjektet "Bygda i bevegelse". Dagen vart avslutta med innlegget "Integrering av flyktninger" av Hava Cukurkaya. Det store flotte Blomsterteppet som no skal få plass på Ringerike sjukehus vart utstilt på Benterudstua denne dagen. Eg vil rette ein stor takk til Mette Rustand som leia oss trygt og presist gjennom dagen. Stor takk til dei dyktige damene som tok det største ansvaret i kjøkkentenesta: Else Hval, Sølvi Jødal, Reidun Røisli og Frøydis Løkensgard. Takk til alle som stilte med god heimebakst. Takk til Kristin Baalerud som kjem med godt referat frå dagen. (Sjå under meny "referater" om litt) Dette vart ein fin dag med: Kunnskap - Påfyll - Inspirasjon - Samvær - Glede - Kvinnefelleskap - Samhold - Tradisjon - Mat.
TAKK til alle som deltok og var med oss på Benterudstua.
Inger Margrethe ( teknisk ansvarleg)