Måndag 20. august starta vi seminaret vårt på stølen Nyset i Hallingdal hjå Inger Margrethe Medhus. Vi vart ønskt velkomme til seters ute i fjøset. Så vart det formiddagskaffi i gamlebua. Vi hadde ei god arbeidsøkt første dagen. Eit styreseminar er fort 3 styremøter. Vi hadde meir enn 20 saker og kom gjennom alle, pluss eventuelt. Referat finn de på BBK sida under "Referat". Kveldsmat vart servert i Gommostugu. Spekemat og melon med tilbehør. Vi jobba godt og effektivt, vi nøt utsikten og maten. Her får vi meir enn møte og saker! Bli med i styret om du har lyst. Valg i mars..... IM