Vi var samla på Scandic Park Hotell i Drammen. Omlag 70 bygdekvinner var med denne gongen. I år var årsmøtet på ein laurdag og sundag, ei prøveordning, men vi trur fredag og laurdag er meir høveleg.
Innsjekking og kaffi med deilege rundstykke var klokka tre. Etter ein times tid var det tid for å gå til årsmøtesalen, og det heile kunne starte. Mette Rustand, sonerepresentanten for Lier, Hurum og Røyken ønskte oss velkommen til Drammen og årsmøtet. Leiaren vår Sølvi Jødal opna møtet med fine velkomstord.
Sidsel Børresen heldt eit godt og interessant foredrag : "Genteknologi og norsk mat". Ole Hans Unelsrød, gjest frå Buskerud Bodelag hadde med helsing til Bygdekvinnene. Kristin Baalerud hadde fine stev på lur. Her er eit av dei.
"So, ro te Branes. Kjøpe bånet anes. Nye sokkar, nye sko. Så ske bånet heimatt ro. `/. Te kællen og katta`/. "
Det er alltid både høgtideleg og triveleg å møtast til Festmiddag. Nydeleg mat og livlege bygdekvinner. Vårt æresmedlem, Sigrid Hals framførte ein fin historikk frå lagets 80 årige historie.
Sjølve årsmøtet var sundag 11. mars. Det var eit greit og godt årsmøte. Her viser eg til referatet som kjem.
NBK sin representant hadde eit fint foredrag og informasjon frå sentralt hald. Det gamle styret takkar for kjempegodt samarbeid. Vi ønsker to nye styremedlemmar velkommen i BBK-styret og til vidare arbeid, Helga Wetterhus og Marit Stevning. Vi takkar Reidun, Mette og Kristin for kjempegod innsats gjennom fleire år. Årsmøtelotteriet vårt var vellykka også i år. TAKK til alle som bidrog! TAKK til alle som var med på årsmøtet!
imm