Foto: Astrid Seime
Foto: Astrid Seime

SNART RINGES JULEN 2021 INN

Snart ringer julen inn.

Vi vil ha et innlegg på nettsiden til hver helg. 

Vi var så heldig å få Astrid Seime til å skrive sine juletradisjoner.

Distriktslaget i Møre og Romsdal ønsker henne og familien en fin advents tid.

Hei, eg jobbar som organisasjonsrådgjevar i Norges Bygdekvinnelag. Eg jobbar med alt frå inspirasjonsseminaret og Landsmøtet til valkampsaker, vervekampanje og innsamling av søknader til momskompensasjon. Det beste med jobben er å få engasjere seg for bygde-Norge, og ikkje minst å få helse på og bli kjent med hyggelege Bygdekvinner frå heile landet.

 

Når eg ikkje er på jobb er eg for det meste saman med familien, og før jul har vi nokre faste tradisjonar. Ei av dei er å lage pepperkaker saman. Mine tre små; Håkon Martin og Johanne er ivrige kakebakarar. Oppskrifta er den same som vi hadde når eg var lita. For å få den akkurat slik eg vil, kokar eg smør og sukker godt saman for å få fram smaken av   karamell. Sidan eg lagar haugevis med pepperkaker frys eg ned eit par boksar. Då får ein veldig gode pepperkaker langt over nyttår- om du framleis har noko att 😊 I tillegg lagar vi andre kaker, gjerne med mandel som basis-sidan det er så godt. I heimen vår forsvinn alt søtt ned i store og små magar.

 

Sidan vi stort sett feirar jul hjå besteforeldre hentar vi juletre tidleg. Så med oss er  juletreet, som sjølvsagt er furu, pynta minst ei veke før jul. Andre tradisjonar vi har er å fyre bål i skogen før jul, lage julekrans, sette ut graut til nissen og vaske akkurat så mykje som vi må.

 

Besta har laga verdens finaste julekalender til oss. Eg skal sende bilde av kalendaren!

 

God helg! 😊

 

Astrid                 

Bli medlem